Tur til Åsheimveten

Fredag 29. april tok me med alle elevane opp til Åsheimveten. Med oss på turen var og Åse og sju andre elevar frå Tysse Montessoriskule. Sjølv om det var litt kaldt om morgonen, vart det ein kjempe flott dag, med sol heile dagen. Laila kjørte bålpanna opp til Åsheim slik at me kunne ta lunsjen då me kom tilbake. Me ringte til brannvesenet for å høyre om det var greit å tenne opp i bålpanna, men grunn av det tørre veret var det totalforbod mot all open eld. Bålpanna vart difor kjørt tilbake på skulen, og fyrt opp ute på skuleplassen. Det var mange trøytte og svoltne elevar som fekk ein sein lunsj denne dagen.