Arkiv

Prosjekt om polane i geografi

Elevane på mediateket har arbeida med Antarktis og Arktis. Dei har laga modellar av desse ved hjelp av hønsenetting, pappmasje og gips. Dei skal og lage dyra som høyrer til på polane i fimoleire

 

 

 

Veksling i banken

Elevane i andre etasjen har laga butikk. Her kan dei tene pengar og leige ulike leikar og aktivitetar i butikken. Dette har vore ein svært populer aktivitet. I lenka til venstre kan du sjå bileter frå desse timane.

Veksling i banken Butikk og bank

Foreldremøte

Det blir foreldremøte på skulen kl 18.00 tysdag 6. september.

Tur til Åsheimveten

Tur til Åsheimveten med Tysse Montessoriskule

Fredag 29. april tok me med alle elevane opp til Åsheimveten. Med oss på turen var og Åse og sju andre elevar frå Tysse Montessoriskule. Sjølv om det var litt kaldt om morgonen, vart det ein kjempe flott dag, med sol heile dagen. Laila kjørte bålpanna opp til Åsheim slik at me kunne ta lunsjen då me kom tilbake. Me ringte til brannvesenet for å høyre om det var greit å tenne opp i bålpanna, men grunn av det tørre veret var det totalforbod mot all open eld. Bålpanna vart difor kjørt tilbake på skulen, og fyrt opp ute på skuleplassen. Det var mange trøytte og svoltne elevar som fekk ein sein lunsj denne dagen.

Dugnad

Tysdag 3. mai var det dugnad på skulen.

Tysdag inviterte FAU alle foreldra til dugnad. Me var heldige med veret, og mange møtte. Med stort og smått var me 28. Kjersti og Tone laga suppe og hotdog til alle arbeidarane. Det vart og is og kjeks til alle elevane.

Papirblomar

Papirkunst ved Solvei Hanmei Losnegård

I dag fekk me besøk frå dks-hordaland, med Den hemmelighetsfulle hagen

Solvei Hanmei Losnegård viste elevane korleis ein kan lage kunst med papir.

Elevane synest dette var kjekt, og dei laga mange flotte installasjonar.

Påskegudsteneste

Fredag 15. april er det påskegudsteneste kl 10.45 i Hosanger kyrkje. Dei som har fastebøsse må huske å ta den med denne dagen. Innsamlinga i år går til Kirkens Nødhjelp.  Fasteaksjonen 2011 rettar søkjelyset på økonomisk rettferd, og mennesker som lever i ekstrem fattigdom.

Vedsal i Lonevåg

Skjermbilde-2011-04-07-kl.-11.27.081

Endeleg var det tid for å få igjen for arbeidet med veden. Sidan i haust har ei gruppe med elevar vore inne i Kossdalen ein føremiddag i veka. Dei har fått nokre av grantrea på stykkje til Bente.

Elevane på utegruppa var i Lonevåg torsdag 31. mars for å selge ved. Dei lasta nesten 40 sekkar i tilhengaren til Jostein. Dei fekk selt alt i samen, og var strålande glade. Særleg då ein av foreldra møtte opp og kjøpte resten! Dei skal ikkje fryse på Bysheim resten av vinteren…

Skidag

Torsdag 13. januar blir det skidag for dei elevane som ikkje skal på bading!