Fredag 25.september vert det arrangert ein "steinalderdag" i regi av Den kulturelle skolesekken. Det tek utgongspunkt i aktivitetsbasert undervisning der elevane lærer om livet i steinalderen gjennom praktiske aktivitetar. Dei fleste aktivitetane vil skje utandørs og det er viktig at ALLE elevar har godt med klede. Me ser også at det er meldt regn, så dette må også vere på plass hos den enkelte. Sjølv om det er litt utanom tema me er inne i, valte me og takka ja til dette tilbodet. Det er kjekt å kunna tilby elevane ein slik mogelegheit.

 

Ei reise i steinalderen