Om skulen

Om skulen

Om skulen

Hosanger Montessoriskule starta opp i 2003. Skulen vert driven av stiftinga Hosanger Montessoriskule, og har godkjenning for opp til 63 born frå 1. til 7. trinn. Skulen har for skuleåret 2018/19 plass til 50 elevar.

Hosanger er ei bygd på Osterøy, om lag 8 km frå kommunesenteret Lonevåg. Skulen ligg tett opp til flott natur, både fjord, fjell, skog og vatn.

Lærarane har godkjend pedagogisk utdanning. Dei fast tilsette lærarane har tilleggsutdanning i montessoripedagogikk.

Borna har same rettar til spesialressursar som i den offentlege skulen og desse ressursane kjem i tillegg til det faste personalet. I godt samarbeid med Osterøy kommune nyttar elevane m.a. PPT, helsesøster, bokbuss og symjehall.

Skyss: Borna har rett til fri skuleskyss innanfor Osterøy kommune etter gjeldande reglar. I dag kjem litt over halvparten av elevane frå andre skulekrinsar enn tidlegare Mjøsdalen skulekrins.

Search

Nye innlegg

Kategoriar

Arkiv