Fjelltur Tveitafjellet

Onsdag 14. oktober hadde 5.-7. trinn ein flott tur til Tveitafjellet i strålande haustsol. Mykje flotte fargar å sjå på fjellet og flinke, spreke elevar.

Kjekt med steinalderdag for elevane våre i dag.

 

 

 

 

Fredag 25.september vert det arrangert ein "steinalderdag" i regi av Den kulturelle skolesekken. Det tek utgongspunkt i aktivitetsbasert undervisning der elevane lærer om livet i steinalderen gjennom praktiske aktivitetar. Dei fleste aktivitetane vil skje utandørs og det er viktig at ALLE elevar har godt med klede. Me ser også at det er meldt regn, så dette må også vere på plass hos den enkelte. Sjølv om det er litt utanom tema me er inne i, valte me og takka ja til dette tilbodet. Det er kjekt å kunna tilby elevane ein slik mogelegheit.

 

Ei reise i steinalderen

S0052044

Fredag 25. april 2014 hadde me ein fin fjelltur med spreke elevar frå skulen via Åsheim mot Tveitafjellet og vidare til Åsheimveten og nedigjen til skulen. Nokon gjekk andre vegen.Veret var fint og stemningen var på topp!

Frisk luft og mykje kjekke aktivitetar gjorde sitt til at hot-dog'ane gjekk unna som "varmt kveitebrød", når det i tillegg vart diska opp med pannekaker steikt på bål var alt fulkomment.

Ein kjekk og frisk dag for både store og små.

Kossdalen 4

Kossdalen 5

DSC_0215

Kossdalen 2

Kossdalen 3

Kossdalen 1

På FN-dagen 24. oktober 2012 presenterte elevane mange fine produkt som dei hadde jobba med denne hausten. Ein del av produkta vart også lagt ut for sal til inntekt for barneheimen i Korosten.

   

 

Elevane på mediateket har arbeida med Antarktis og Arktis. Dei har laga modellar av desse ved hjelp av hønsenetting, pappmasje og gips. Dei skal og lage dyra som høyrer til på polane i fimoleire

 

 

 

Elevane i andre etasjen har laga butikk. Her kan dei tene pengar og leige ulike leikar og aktivitetar i butikken. Dette har vore ein svært populer aktivitet. I lenka til venstre kan du sjå bileter frå desse timane.

Veksling i banken Butikk og bank

Fredag 29. april tok me med alle elevane opp til Åsheimveten. Med oss på turen var og Åse og sju andre elevar frå Tysse Montessoriskule. Sjølv om det var litt kaldt om morgonen, vart det ein kjempe flott dag, med sol heile dagen. Laila kjørte bålpanna opp til Åsheim slik at me kunne ta lunsjen då me kom tilbake. Me ringte til brannvesenet for å høyre om det var greit å tenne opp i bålpanna, men grunn av det tørre veret var det totalforbod mot all open eld. Bålpanna vart difor kjørt tilbake på skulen, og fyrt opp ute på skuleplassen. Det var mange trøytte og svoltne elevar som fekk ein sein lunsj denne dagen.

Tysdag inviterte FAU alle foreldra til dugnad. Me var heldige med veret, og mange møtte. Med stort og smått var me 28. Kjersti og Tone laga suppe og hotdog til alle arbeidarane. Det vart og is og kjeks til alle elevane.