Innmelding
Innmelding
Hosanger Montessoriskule er open for alle som fyller vilkåra for inntak til offentleg grunnskule. Inntak av elevar ved Hosanger Montessoriskule skal skje etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar i privatskulelova og det inntaksreglementet som er fastsett av styret.
Innmeldingsfrist er 15. mars. I forkant av dette arrangerer skulen eit informasjonsmøte der me orienterer kort om montessoripedagogikken og skulekvardagen vår, samt viser døme på korleis elevane arbeider med materiell.
Skulen vil kort tid etter innmeldingsfristen sende ut brev med informasjon til alle søkjarane. Dei som har fått plass må bekrefte at dei takkar ja til plassen innan 15. april. Søkjarar som ikkje har fått plass får tilbod om å stå på venteliste.
Skulepengar:
Enkelt born: 420,- pr mnd i 11 mnd
Sysken: 210,- pr mnd i 11 mnd
Open skule:
Vi har open skule frå 14.30 til 16.00.
Open skule heil plass: 800,- pr mnd (syskenmoderasjon 50%)
Open skule korttidsplass, inntil 8 timar pr mnd: 300,- pr mnd
Innmeldingsskjema finn du ved å klikke på “Innmeldingsskjema” skriv ut skjema, fyll ut og send til:
Hosanger Montessoriskule
Hosanger
5282 Lonevåg
Har du spørsmål kan du kontakte skulen på telefon 56 19 19 80 eller epost .
