Om skulen

collasj1

Velkomen til Hosanger Montessoriskule sine heimesider.

Hosanger Montessoriskule starta opp i 2003. Skulen vert driven av stiftinga Hosanger Montessoriskule, og har godkjenning for opp til 63 born frå 1. til 7. trinn. Skulen har for tida plass til 40 elevar.

 

 

Hosanger er ei bygd på Osterøy, om lag 8 km frå kommunesenteret Lonevåg. Skulen ligg tett opp til flott natur, både fjord, fjell, skog og vatn.

 

 

Lærarane har godkjend pedagogisk utdanning. Dei fast tilsette lærarane har tilleggsutdanning i montessoripedagogikk. Borna har same rettar til spesialressursar som i den offentlege skulen og desse ressursane kjem i tillegg til det faste personalet. I godt samarbeid med Osterøy kommune nyttar elevane m.a. PPT, helsesøster, bokbuss og symjehall.

 

 

Økonomien ved skulen er solid og gjev rom for langsiktig satsing. Det er god samarbeid mellom rektor, personalet og styret. Representantar til styret vert valde for 4 år av grendaråd, foreldre og tilsette.

 

 

Foreldrebetaling: skuleplassen kostar kr 480,- pr mnd (11 mnd pr år). I tilleg ha me tilbod om open skule frå 14.30-16.00. Kostnadar open skule er kr 800,- for heil plass, og 300,- for inntil 8 timar pr mnd. Det vert og gjeven syskenmoderasjon. Elevane får mat og frukt på skulen kvar dag. Skulen følgjer skuleruta for Osterøy kommune.

 

 

Skyss: Borna har rett til fri skuleskyss innanfor Osterøy kommune etter gjeldande reglar. I dag kjem litt over halvparten av elevane frå andre skulekrinsar enn tidlegare Mjøsdalen skulekrins.