To viktige prinsipp i montessoripedagogikken er sjølvstende og fridom.

Eleven sin rett og trong til fridom står sentralt på skulen vår. Elevane kan velje om dei vil jobbe åleine, eller i gruppe, ved pult eller på golvet. Dei vel emne, arbeidsoppgåver og kor lenge dei vil jobbe med kvar oppgåve. Me ser det som unaturleg at alle born er interessert i det same, på same tidspunkt. Når ein elev får velje fritt ut i frå eigen motivasjon, vil han i mykje større grad konsentrere seg og gjennom dette utvikle sjølvstende og arbeidsdisiplin.

Fridom er ikkje einstydanede med at elevane får gjere akkurat som dei vil. Elevane må visa at dei meistrar det å ta eigen val før dei får fridom til å velja. Fridom skjer innanfor klare grenser. Dei vel kva dei vil jobbe med, ikkkje om dei vil jobba. Me nyttar ein godkjend montessorilæreplan som er i samsvar med Kunnskapsløftet.

Klasseromma våre er innreia med tanke på at elevane sjølv skal kunne finne det dei treng av utstyr og materiell. Elevane vert presentert for ei oppgåve og jobbar sjølvstendig etterpå. Læraren si rolle vert å rettleia og motivera.