Om skulen
Skuledagen vår
Klassedeling:
Hosanger Montessoriskule har i år 39 elevar fordelt på 1. – 7.klasse. Elevane arbeider i storgruppe, i aldersblanda smågrupper og indviduelt.
Kontaktlæraransvaret er fordelt på 4 lærarar. Linda er kontaktlærar for 1.-3. trinn. Ingebjørg er kontaktlærar for 4.-5. trinn. Åse og Trine deler kontaktlæraransvaret for 6. og 7. trinn.
Opningstider:
Skulen er open frå 08.00 til 16.00 kvar dag.
Undervisninga startar 08.45 og er ferdig 14.30.
Open skule:
Me har open skule frå 14.30 til 16.00.
Open skule heil plass: 800,- pr mnd (syskenmoderasjon 50%)
Open skule korttidsplass, inntil 8 timar pr mnd: 300,- pr mnd
Skuledagen vår:
Skulen har ikkje timeplan tilsvarande det dei har i offentleg skule. Skuledagen er delt inn i to lengre arbeidsøkter og ein lang pause midt på dagen. Elevane får tilbod om frukt både i fyrste og andre arbeidsøkt, samt drikke når dei føler for det.
Elevane får gratis lunsj på skulen kvar dag og kan bestille mjølk om dei ynskjer det. Ein dag i veka får elevane varm mat.
Etter lunsj har elevane ein time utetid med frileik på skulen sitt uteområde.
Fyrste arbeidsøkt: 8.45 – 11.45
Andre arbeidsøkt: 13.00 – 14.30
