
Elevinntak
Hosanger Montessoriskule er for deg som ynskjer eit pedagogisk alternativ med fokus på ei heilskapleg utdanning, der barnet står i sentrum.
Me har heildagsskule, det vil seie at elevane har ikkje ordinære lekser, men er på skulen frå 8.45 – 14.30. Me har og tilbod om leksehjelp alle dagar frå 14.45 – 15.15. Skulen er open for elevar frå kl 8.00 om morgonen.
Det kostar kr 1000,- pr mnd, i 10 mnd av året. For sysken er det kr 600,- pr mnd.
Her kan du søkje om skuleplass ved Hosanger Montessoriskule. Me har elevinntak fram til 25. september.