Hosanger Montessoriskule starta opp hausten 2003. Skulen var tidlegare ein grendaskule for Mjøsdalen. Då denne vart nedlagt i 2002, vart det starta eit initiativ frå lokale ildsjeler om å starte opp ein privatskole, då med montessoripedagogikken som fundament for opplæringa. Hausten 2003 var første skuleår for Hosanger Montessoriskule. Sidan då har skulen utvikla seg til å bli eit pedagogisk alternativ for heile kommunen. Skulen er godkjent for 63 elevar fordelt på 1.-7.trinn.