Montessori

Maria Montessori såg det som læraren si oppgåve å assistere barn og unge i å skape ei meir bærekraftig verd, ei meir rettferdig og fredelegare verd. Dette var drivkrafta bak arbeidet hennar med barn og utdanning. Dette er framleis det som står sentralt i pedagogikken i dag. Verdiane i montessoripedagogikken er tett knytt til og i tråd med menneskerettane og FN sine bærekraftsmål. Me ser på alle menneske som likeverdige. Montessoriskular er religiøst og livssynsmessig uavhengige.