Aldersblanding

Aldersblanding er eit viktig pedagogisk prinsipp, og grunnleggjande i eit montessorimiljø. Aldersblandinga samsvarar med at pensumet ikkje er lineært, og at ein gjev presentasjonar på tvers av alder, basert på kva enkelteleven treng. Elevane deler erfaringar og lærer av kvarandre, både fagleg og sosialt. Aldersblanding bidreg og til at barna får moglegheit til å arbeide på mange ulike nivå samstundes. Dei kan då i større grad gjere arbeid basert på interesser og evner. I eit slikt arbeidsmiljø blir normen basert på samarbeid i staden for konkurranse. Ein får venskap på tvers av alder. Dei yngre barna ser kvar dei skal, og dei eldre elevane ser kvar dei har vore. Elevane får og moglegheit til å møta fagområder i fleire omgongar og på fleire ulike nivå.

Det aldersblanda læringsmiljøet gjev eit dynamisk gruppefellesskap der ein og får øve på ferdigheiter i konfliktløysing, samarbeid, ansvar, grensesetjing, og respekt for andre og miljøet.

 

Henta frå Læreplan for montessoriskolen.