Kosmisk utdanning

Ordet kosmisk kjem frå det greske ordet “kosmos” som tyder, verden, universet og orden. Det er universet som eit ordna system. Maria Montessori sin kosmiske visjon handla om eit bestemt verdisyn, der alt er knytt saman med alt, både det levande og ikkje-levande. I kosmos har alle aktørande ei rolle å spele. Alle utfører eit arbeid som har innverknad på resten av systemet. Montessori framhevar den gjensidige avhengigheten ein ser i naturen. I denne samanhengen  har mennesket  ei særskilt oppgåve. Dei tilpassar seg ikkje berre miljøet for å overleve, men endrar miljøet. Det er difor viktig at ein hjelper barnet med å bli kjent med og forstå både verden og seg sjølv.

Å tilegne seg kunnskap i ein kosmisk kontekst betyr at ein tileignar seg evne til å sjå samanhengane, meiningane og ulikskapane i verda. Å kunne forstå denne heilskapen er med på å gje ei kjensle av meining og forståing av seg sjølv som ein del av noko større. Gjennom det historiske perspektivet på mennesket si utvikling og fundamentale behov, opplever barnet ei trygg forankring i den menneskelege historia.

 

 

Henta frå Læreplan for montessoriskolen.