Observasjon er ein viktig del av dei vaksne si oppgåve i montessoriskulen. Som barn er det ofte vanskeleg å uttrykke kva behov ein har. Det har difor lenge vore viktig for barnehagelæreren å observere barna, slik at ein best mogeleg kan tilretteleggje for dei. På same måte er det viktig å forstå at eldre barn og ungdommar óg treng nokon som observerer dei, og ser kva behov dei har. Gjennom observasjon av barnet sitt arbeid og interaksjon med miljøet, dei vaksne og kvarandre, får dei vaksne moglegheit til å følgje barnet og hjelpe dei der dei er.
Henta frå Læreplan for montessoriskolen.