
Praktisk informasjon
Hosanger er ei bygd på Osterøy, omlag 8 km frå kommunesenteret Lonevåg. Skulen ligg tett opp til flott natur, både fjord, fjell, skog og vatn. Lærarane har godkjend pedagogisk utdanning. Dei fast tilsette lærarane har tilleggsutdanning i montessoripedagogikk.
Borna har same rettar til spesialressursar som i den offentlege skulen og desse ressursane kjem i tillegg til det faste personalet. I godt samarbeid med Osterøy kommune nyttar elevane m.a. PPT, helsesjukepleiar, bokbuss og symjehall. Borna har same rett til fri skuleskyss innanfor Osterøy kommune etter gjeldande reglar. I dag kjem litt over halvparten av elevane frå andre skulekrinsar enn tidlegare Mjøsdalen skulekrins.
Kostnadar: Me tar ikkje skulepengar, det vil sei at skuleplassen er gratis.
Mat: Elevane får tilbod om mat kvar dag; me har buffet med brødmat, variert pålegg, havregryn med tilbehør og ulike typar mjelk. Ein dag i veka får dei varm mat. Dei får og tilbod om frukt kvar dag. Det er elevane sjølv som har ansvaret for å laga til måltidet saman med ein vaksen. Mattilbodet skal finansierast gjennom foreldrebetaling, og det er frivillig å nytte seg av dette tilbodet. Det kostar kr 450,- pr mnd.
Skuledagen: Skulen er open frå kl 8.00 – 15.15. Undervisninga startar kl 8.45, og er ferdig kl 14.30. Frå kl 14.45 – 15.15 er det tilbod om leksehjelp. Skuledagen er delt inn i to lange arbeidsøkter, med ein lengre pause midt på dagen.
SFO: Det er tilbod om SFO for alle elevane frå kl 07.30 – 8.00, og frå kl 15.15 – 16.00