Vaksenrolla

Dei vaksne si viktigaste oppgåve i eit montessorimiljø er å leggje til rette for læring. Ein skal leggje tilrette for at barna sjølve skal ta initiativ til utforsking, arbeide sjølvstendig og gjere viktige oppdagingar. Fokuset er på barnet sitt indre driv til arbeid og utforsking, og skape eit miljø som fremjer utvikling der barnet er. Den vaksne skal inspirere gjennom å fortelje historier, presentere materiell, og leggje til rette for samarbeid. Dei skal observere og rettleie, oppmuntre barna til å utfordre seg sjølv, og gje hjelp når det er brukt for det.

 

Henta frå Læreplan for montessoriskolen.