Erfaringar

Lena Josefine, tidlegare elev

Eg husker at eg var veldig glad i all maten me fekk servert på skulen – både frukten, lunsjen og dei varme måltidene me av og til hadde😇 Eg syntes og det var deilig å kunne jobbe med skulearbeid på den måten eg følte for sjølv, altså at eg kunne bevege meg «fritt» rundt i klasserommet👏 I motsetning til det å sitte på ein og samme pult ein heil skuledag! Eg må og sei at no når eg ser tilbake på tida mi på HMS, så er eg glad for all den tida vi tilbrakte utendørs🌲og at vi hadde ein lang pause midt på dagen, i stedenfor å ha opphakkede pauser👏 Summa sumarium; mi tid på HMS var fylt med ein følelse av at min personlige læringsmetode blei tilfredsstilt og tilrettelagt🥰

Rania, tidlegare elev

Det var veldig fint, og lærerikt. Og eg innser no når eg har gått på andre skular, at opplegget på Montessoriskulen er sjukt bra, og det la eit veldig bra grunnlag for meg når eg skulle vidare på andre skular. Ikkje mest i måten eg lærer på, men heile systemet rundt. Alle problem vert tatt seriøst, og det har eg tatt med meg vidare.  Den konkrete måten å læra matte på, gjorde at eg kunne sjå for meg det eg hadde lært på Montessoriskulen når eg skulle arbeida vidare med matte på ungdomsskulen og vidaregåande.