Praktisk informasjon

Hosanger er ei bygd på Osterøy, omlag 8 km frå kommunesenteret Lonevåg. Skulen ligg tett opp til flott natur, både fjord, fjell, skog og vatn. Lærarane har godkjend pedagogisk utdanning. Dei fast tilsette lærarane har tilleggsutdanning i montessoripedagogikk.

Borna har same rettar til spesialressursar som i den offentlege skulen og desse ressursane kjem i tillegg til det faste personalet. I godt samarbeid med Osterøy kommune nyttar elevane m.a. PPT, helsesjukepleiar, bokbuss og symjehall. Borna har same rett til fri skuleskyss innanfor Osterøy kommune etter gjeldande reglar. I dag kjem litt over halvparten av elevane frå andre skulekrinsar enn tidlegare Mjøsdalen skulekrins.

Skuledagen: Skulen er open frå kl 8.00 – 15.15. Undervisninga startar kl 8.45, og er ferdig kl 14.30. Frå kl 14.45 – 15.15 er det tilbod om leksehjelp. Skuledagen er delt inn i to lange arbeidsøkter, med ein lengre pause midt på dagen. Elevane får mat på skulen kvar dag, med brødmat. Ein dag i veka får dei varm mat. Det er elevane sjølv som har ansvaret for måltidet. (Under pandemien har elevane hatt med seg niste).