Skulen

Hosanger Montessoriskule ligg fantastisk til i Hosanger, med eit flott utgangspunkt til ekskursjonar både til fjell, skog, strand og vatn. Kvart år har me og felles fjellturar til Åsheimveten og Tveitafjellet, om våren er me å ser etter rumpetroll innover i Kossdalen, og når forholda ligg til rette er me på skøyter på Holavatnet og går på ski i nærområdet.

Bygget er det same som den kommunale skulen hadde fram til den vart nedlagt i 2002. Når Stiftinga starta skuledrift i Hosanger inngjekk dei ein leigeavtale med kommunen på bygget. Me har oppgradert bygget gradvis sidan me overtok i 2003. Me har gjort oppgraderingar på klasserom, ventilasjon og garderobar. Bygget slik det er i dag har helseverngodkjenning for 55 elevar. Heradsstyret har vedteke at stiftinga skal få kjøpe skulebygget, planen då er å gjere ytterligere utbetringar på bygget slik at me har plass til 63 elevar.