Skuledagen

Hosanger Montessoriskule er ein heidagsskule for alle elevane frå 1. – 7. trinn, der skulen er open frå kl 8.00 – 15.15. Undervisninga startar kl 8.45, og er ferdig kl 14.30. Det er tilbod om leksehjelp frå kl 14.45 – 15.15. Skuledagen er delt inn i to lange arbeidsøkter, med ein lengre pause midt på dagen.

Elevane får brødmat på skulen kvar dag. Dei får óg tilbod om frukt og melk. Ein dag i veka får dei varm mat. Det er elevane sjølv som har ansvaret for å lage til måltidet.

Under pandemien har elevane hatt med seg niste, men får frukt og melk.

Inndeling av skuledagen:

8.00 Skulen er open

8.45 – 11.45 Undervisning

11.45 – 12.00 Mat

12.00 – 12.45 Utetid

12.45 – 14.30 Undervisning

14.45 – 15.15 Leksehjelp