Montessorpedagogikken lærer barnet noko om kompleksiteten i kosmos. Læringsprosessen er ei langvarig utvikling som varar livet ut. I montessorimiljøet sår difor læraren små frø av kunnskap som skal spire, og gro hos barnet. Læraren oppmuntrer barnet til å forska sjølv, og tilegna seg kunnskap på eigahand. Mange av dei frøa som blir sådd i løpet av skuletida vil ikkje slå ut i blomst før seinare i livet.
For å gje barnet inntrykk av den store heilskapen får elevane presentert dei fem store forteljingane i oppstarten av skuleåret.
- Universets opprinnelse
- Livet si utvikling
- Mennesket si utvikling
- Skrivekunsten si historie
- Tala si historie
Henta frå Læreplan for montessoriskolen.