Elevinntak

Hosanger Montessoriskule er for deg som ynskjer eit pedagogisk alternativ med fokus på ei heilskapleg utdanning, der barnet står i sentrum.

Skulen er gratis for alle. Me gjev tilbod om mat og frukt til elevane kvar dag. Dette kostar 450,- pr mnd.

Me har heildagsskule, det vil seie at elevane har ikkje ordinære lekser, men er på skulen frå 8.45 – 14.30. Me har og tilbod om leksehjelp alle dagar frå 14.45 – 15.15. Skulen er open for elevar frå kl 8.00 om morgonen.

Me har og tilbod om SFO for alle elevar frå kl 7.30-8.00 og frå kl 15.15-16.00.

Her kan du søkje om skuleplass ved Hosanger Montessoriskule. Me har elevinntak fram til 25. september.