Tverrfaglegheit

I eit montessorimiljø er ein oppteken av korleis kunnskap heng saman. Kosmos er både det store spørsmålet og svaret på alle våre spørsmål. I praksis betyr det at me i vår undervisning går frå heilskapen til detaljane, for så å gå tilbake til heilskapen. Dei fem store forteljingane presenterar heilskapen som dannar grunnlaget for all vidare utforsking hos elevane. Pensumet som blir presentert for barna er ikkje lineært. Dei blir presenterte for alt pensumet i løpet av dei fire fyrste åra, og fordjupa seg i det i dei neste tre åra. Materiell om det dei er blir presenterte for er alltid tilgjengeleg for dei i klasserommet, slik at dei kan arbeide med det over tid. Detaljar frå dei fem forteljingane blir presenterte og tatt opp igjen som nøkkelpresentasjonar, slik at barna kan få ei utvida forståing og sjå samanhengar i verda rundt seg.

Tverrfaglegheit i montessoriskulen innebærer at ein tilnærmar seg ulike konsept, kunnskap og vitskapar på tvers av fag. Ein ser etter mønster både i den naturlege og den menneskeskapte verda, som ein igjen brukar til å forklara ulike fenomen, finne samanhengar, klassifisere, sjå på ulikskapar, sortere og skapa orden. Ein ser på årsak verknad; korleis ei handling har ein konsekvens.

 

Henta frå Læreplan for montessoriskolen.