Kven er skulen for?

Hosanger Montessoriskule er ein liten skule i nærmiljøet. Dette gjer at det er ein oversiktleg og gjennomsiktig skule, der alle blir kjent med alle. På grunn av at me har aldersblanding på skulen, får ein ei elevgruppe der leik og kommunikasjon på tvers av alder er reglen heller enn unntaket. Alle dei vaksne og barna blir og svært godt kjent. Me har og mykje fokus på at barna skal lære seg å handtere konflikter dei kjem opp i. På grunn av måten skulen er organisert på har ein moglegheit til å ta konflikter etter kvart som dei dukkar opp.

Mange som vurderar skulen vår er ofte bekymra for det sosiale for barnet sitt. Dei er redd for at dei skal miste vener dei har hatt i barnehagen eller i sitt nærmiljø når dei startar på ein skule som ikkje ligg i bygda dei kjem frå. Vår erfaring er at barna våre har vener både på skulen og i nærmiljøet sitt. Når dei startar på ungdomsskulen kjenner dei allereie barn frå ulike stadar på Osterøy.